7. Tannpuss i grova

I å o’Janfrid:     Serie om å veksa opp på Vågstranda 1950/60

Tannpuss  i  grova

Av og til set opplevingar djupe spor i eit barnesinn. Nokre leikar det ut i etterkant, held seg i og kosar med minna, vil det skal vare lenge, som ein syg på eit kamferdrops.

I og o’Janfrid fekk vere med på det store eventyret: barneleir på Visthus, Indremisjonens leirstad i Vistdalen.

Det var stort – mykje nytt og spennande. Me skulle ligge i køyesenger, i heimlaga sovepose. Mamma hadde bretta og sydd sammen ullteppe, og med  tannkost, vaskeklut og nattdrakt i ranselen, tok me buss og ferge til Molde – mamma var med.

På Norrøna Kafe og pensjonat venta Jenny Huse, leiar og i slekt med oss. Ungeflokken vart lessa inn i buss, og ferda gjekk innover Langfjorden til Vistdalen, til brua over elva Vista, som bukta seg rundt eigedommen.

Dagane gjekk med leik og moro, andakt og bibeltimar, måltida i ein stor matsal saman med alle dei andre ungane – der fekk me ete det me fekk!

Men det mest spennande var likevel morgon- og kveldsstellet: med tannkost og vaskeklut gjekk turen ned til elva, og i det friske, kalde vatnet fekk sveitte, sand og gras gje tapt – det var tøft!

Vel heime på Teia, sat leirminna framleis i hugen; me ville vere på leir ei stund til. Me leika køyeseng ved at den eine låg oppå bordet, den andre under. Me la oss i ullteppesoveposane, leika det var kveld.

Men har de ikkje gløymt noko? I nattdrakt og med tannkost og klut, tusla i og o’Janfrid bort i grova, som rann forbi Teia  – pussa og vaska, og rusla inn igjen, ned i soveposen, kveldsbøn og godnatt:

”Kjære Gud, eg har det godt. Takk for alt som eg har fått.

Du er snill, og du held av meg. Kjære Gud, gå aldri frå meg.

Pass på liten og på stor. Gud bevare far og mor.

Jesus bevare alle ’natt, Amen!”

Det siste la me til for å vere heilt sikre!  Nokre minutt seinare gol hanen, og det var tid for morgonstell. Bort i grova att, samme puss og vask, og slik kunne vi halde på heile dagen. Mamma var heilt over seg for slik reinsemd, men me tok no vel ikkje skade av slikt?!

Då eg seinare som speidar, var på leir i telt og sovepose, var det framleis noko særs med utandørs tannpuss! Rart kva det er som festar seg for livet!

Synnøve Myrdal – 2015

Visthus 1

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s