6. Påske på Fjellsetra

Me va vel 12-13 år, i og o’Janfrid, den påska me for på setra. Ikkje ha me ved, berre ein blå gassboks, so me kokte oss erte(kanon-)suppe på, med brødskive attåt. Me heldt varmen under dyna, der me sat i senga og småkrangla om å huske namna på flest ski- og skeiseløpera, film-og popstjerna. Vinnaren «fekk» n’ Gjermund Eggen, taparen måtte nøye seg med tvillingbroren Jo! Elles va Cliff Richard og Wenche Myhre dei store idola, og Beatles låg i startgropa.

Utover ettermiddagen bles det opp, og det va meldt uver te natta. I sju-tida på kvelden kom n’pappa opp fer å sjå ette oss, at me ha det bra. Og det hadde me, og ette å ha lovt å halde oss inne, so for n’pappa ned att. At han va redd for småtausen sine, va tegn på omsorg, men det store va at han let oss vera att der oppe – det voks me fleire meter på i sjøltillit og mestring!

Me sov ikkje stort, og utpå natta kledde me på oss, gjekk ut og tok inn skia våre, me va redd dei skulle blese nedover i Litjebotn. Neste dag skein sjølsagt sola, og med va kjempekry over å «overlevd» ei stormnatt åleine på setra!

Synnøve Myrdal – 2015

Påske på Fjellsetra 1Påske på Fjellsetra 2

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s