5. Otto Reistad

PAPPA            30.07.1922    –    6.07.2001

Pappa vart fødd i Gjerdsvika,  og vaks opp i Torstein-garden på Øvre Reistad. Foreldra Alfred og Johanna fekk tre søner, der pappa var son nr. to. Eldste sonen, Erling døydde i januar, så no er det berre yngste broren Torstein att.

Pappa gifta seg i 1950 med mamma, og dei fekk fem barn, tre jenter og to gutar. Han bygde hus og flytta inn på Teigen i 1954. Mamma døydde i 1976.

Pappa  var ein mann med mange talentar. Han har vore på lofotfiske med “Broegg”, han var gardbrukar, snikkar, var mjølkelempar på meieribilen i mange år, og dei siste yrkesaktive åra jobba han på Glamox, der han m.a. var hovudtillitsvald.

Som snikkar var han med og restaurerte Vågstranda kyrkje, og som jaktinteressert var han med og bygde skyttarhuset på Myr. Han var kjend som ein god keeper på fotballbana, han likte seg i hoppbakken, og han var fast lyttar når dei sendte skeiseløp på radioen. Då sat me ungane ilag med han i dobbelsenga og heia på Maier og co, medan me skreiv rundetider om kapp med Jorsett.

Pappa  var ein skikkeleg lesehest, helst cowboy og krim, men og bøker om natur og historie. Han var ein stillferdig kar med glimt i auget og humoristisk sans. Standarduttrykket hans var “høveleg åt dei, det”, og det sterkaste ordet han tok i sin munn var “svarten og!” Han var alltid i godt humør og godt nøgd med livet. Dette gav han uttrykk for også på Voll Omsorgs-senter: “Det er som å bu på 5-stjerners hotell”, sa han ofte. Me borna vil gjerne rette ein varm takk til alle som hadde med pappa å gjere på Voll, for den gode omsorga og hjelpsemda gjennom desse åra.

Pappa var glad i borna og barnebarna sine, og dei var svært glade i han. Dei har budd langt vekke, men det var alltid stor stas å kome på Teia til morfar eller farfar. Han rakk også å bli oldefar for ein månad sidan. Sjølv etter hjerneslaget var humoren på plass. Då han vart spurt om ikkje vesle Joachim Andre var fin, var svaret “Nei, men han er liten!”

Pappa var glad i naturen og fjellet. Heilt frå barndommen av har han hatt eit heilt spesielt forhold til Fjellsetra. Dit tok han difor med seg mamma og oss borna, og lærte oss å bli like glad i fjellet som han sjølv var. Siste gong han var på Fjellsetra, fekk han problem med å kome seg ned att pga dårlege bein, og seinare snakka han stadig om at han ville oppatt, men han kom aldri dit meir. Han drøymde om å leige helikopter for å kome seg opp, og den draumen var levande til det siste.

Det var nok setra han ofte drøymte om når han sat og såg utover fjorden frå kjøkkenbordet på Teia, med kaffikoppen og røyken. Det var kanskje her Vågstrands-songen vart til og, der han fortel om kor fint og godt det er å bu på Vågstranda. Songen går på tonen til “Nidelven” og den er blitt kjend ved at “Terje og Blomsterpikene” har reist rundt og framført songen i mange samanhangar. Då pappa feira 75-årsdagen sin på skyttarhuset på Myr i 1997, stilte dei opp og song for han, og då var både han og andre så rørt at tårene stod i augo. Slik lyder den:

“Inne blant fjell og ved fiskerik fjord, ligger den bygd jeg har kjær. Der mine venner og kjæreste bor, i drømme jeg atter er der. Vågstranda alltid i minnet vil bli, hvor enn min reise vil ende. Minner som alltid er gode, fordi gleden tilbake vil vende. Den samme glede i hjertet vil bo, sammen med kjærlighet, vennskap og tro. Vågstrandas skjønnhet når solen går ned, fins intet annet sted.

Derfra de fineste minner jeg har, barndommens lykk`lige tid. Hverdagens barnslige drømmer meg bar inn i en verden så vid. Gleden jeg fant i den vakre natur, bringer meg alltid tilbake. Opp til den nedfalne seterstøls mur, stedet jeg ei kan forsake. De gamle minner til hjerte vil nå, aldri jeg glemmer det syn som jeg så: Kveldssol som gløder i fjell som er grønt – aldri jeg så det så skjønt!»

KVIL  I  FRED, PAPPA.
 Janfrid

Pappa

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s