2. Den særde

Mitt hjarta har vore i livsens strid,

og mangt eit sår hev det fenge.

Det låg sjukt og sårt i so mang ei rid,

men enno har det til denne tid,

frå leiken med livet gjenge.

 

Men ær på ær etter sår på sår,

der er på kvar einast’ sida.

Og opp dei bryta kvar evige vår,

når lauvet spretter og isen går,

og gauken gjeler i lia.

 

Men blomar bløma i desse ær,

og blømande blom er tåret.

Det soleis også med jordi er;

når regn og dogg ho frå himlen fær,

SO VEKSA BLOMAR I SÅRET.

Aasmund O.Vinje

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s